søndag 14. april 2024

Årsmøtehelg med turer til Sandblåstvågen/Gaustadvågen og Maletangen 13-14.04.2024

Årsmøtet i Birdlife Møre og Romsdal vart i år arrangert på Hustadvika Havhotell. 32 personer møtte fram til årsmøtet som starta kl 15 lørdag 13.04.2024. Etter vanlege årsmøtesaker var det 2 andre interessante innlegg på timeplana. Øivind Leren presenterte sin nye bok "Fuglekasser" og Øyvind Gjeldnes presenterte resultater frå den store sjøfugltellinga som var ferdig tidlegare i år. 
Seinare på kvelden var det middag på hotellet og sosialt samvær med blant anna ein interessant fugle-Quiz.
Søndagen kom med gråvær og regn frå morgonen, men det slutta å regne i det vi starta på tur. Turen gjekk til Sandblåst/Gaustadvågen Naturreservat. Dette har vore eit stort og viktig område for fugler både som hekkeområde for vadefugler og ender og som rasteplass for trekkfugler under vår og hausttrekk. Naturreservatet vart oppretta i 1988 og fekk i 1996 status som ramsarområde på grunn av sin betydning for trekkfugler. Området har i dag endra karakter av forskjellige årsaker og er ikkje lenger så viktig som hekkeplass, men er fortsatt viktig som rasteplass under vår og hausttrekk og til overvintringsplass. 
Vel ute på ein håg (haug) fekk vi god innføring av historien til området av ein engasjert turleder Øyvind Gjeldnes. Som bildene nedenfor viser var det ein stor gjeng fuglefolk som var med på turen. 
Vi avslutta dagen med tur til fuglehytta på Maletangen.
På grunn av været vart det ikkje observert så mykje fugl, men mange av oss fekk sjå ein del interessante fuglearter i løpet av helga.
Nedenfor er presentert ein del bilder frå Årsmøtehelga og turane på søndag 14.04.2024.


Hustadvika Havhotell, Storholmen, Farstad, 13.04.2024

Frå årsmøtet i Birdlife Møre og Romsdal, 13.04.2024.

Øivind Leren presenterer sin nye bok "Fuglekasser".

Øyvind Gjeldnes presenterer resultater frå den siste store sjøfugltellinga som var ferdig tidlegare i år. Sjøfugltelling har blitt utført frå Kjørsvikbugen og Smøla i nord til Giske i sør. Øyvind hadde med seg den store boka med all historisk informasjon om sjøfugltellinger i Møre og Romsdal.

Frå middagen på hotellet etter årsmøtet.


Tur til Sandblåstvågen / Gaustadvågen søndag 14.04.2024.


Fuglefolk på tur til Sandblåst / Gaustadvågen naturreservat. Vi samlast på ein haug med god oversikt over både Sandblåstvågen og Gaustadvågen.

Mange fuglefolk med teleskop og kamera på haugen, men det var lite fugl å sjå.

Utsikt til Gaustadvågen.

Fuglefolk på tur. Utsikt mot området mellom Sandblåstvågen og Gaustadvågen.

Her ser vi den innerste delen av Sandblåstvågen med store tidevannssoner og strandenger.

Øyvind Gjeldnes og Geir Gaarder forteller om dette området og prøver å forklare årsakene til at området har blitt mindre attraktivt som hekkeplass.

Mange hadde med seg teleskop, men det var lite fugl å sjå. Dei fuglane som var i området vart nok observert.

Tur til hytta på Maletangen.

På tur til hytta på Maletangen.

Ved Birdlife MR sin hytte på Maletangen.

Her ser vi på mulig vedlikholdsarbeid på tak og værvegg.


Nokre bilder av fugler observert i løpet av helga.


Storspove, Storholmen, Farstad, 13.04.2024.

Gravand, Storholmbukta, Farstad, 14.04.2024.

Svartstrupe, Hustadvika, 14.04.2024.

Traner og sangsvaner innerst i Gaustadvågen, 14.04.2024.




fredag 5. april 2024

Hjortesafari på Nordstranda, Nesjestranda, 05.04.2024

Det vart ein ny tur til Nordstranda på Nesjestranda for å sjå på hjort som beiter på markene. Veit av erfaring kor hjorten trives best og kva for plasser den foretrekker å krysse vegen. Nordstranda er eit gammelt samlenavn på gardane på nordsida av Langfjorden frå Hegnes til Horsgård. 
Denne kvelden ville eg prøve å ta bilder av hjort i det den krysser vegen frå skogen og ned på markene. Parkerte bilen ved vegen eit stykke unna ein av dei mest brukte plassene der hjorten går over vegen. Det vart ei god stund å vente. Det var også ein del biltrafikk som kanskje gjorde at hjortane drøyde litt med å krysse vegen. Men omsider kom det 3 stk som eg fekk tatt nokre bilder av. Dette var mest sannsynleg ei kolle med 2 fjorskalver. Hjortane samla seg på den nederste marka på Nør Årset etter at det passerte fleire biler på vegen.
Eg køyrde så innover til Litlegjerdet. Ingen fleire hjorter å sjå. Snudde og køyrde utover igjen. Fortsatt ingen hjort å sjå på Gribbestadgardane. Men på Reitan stod det 2 hjorter like ved vegen. Dette var ei kolle med fjorskalv. Dei stod på marka som heiter Kårstykket på Reitan. Fekk tatt nokre bilder av dei før dei la på sprang opp frå marka.  Køyrde også ein tur opp på til Ner Hegnes. Der var det 3 hjorter på marka. Var stort sett fornøyd med kveldens fotosafari. 
Nedenfor er ein del av kveldens bilder frå Nør Årset, Reitan og Ner Hegnes. Totalt 16 bilder.

Ein hjort er på veg til å krysse vegen på Nør Årset.

Ein hjortekolle er på veg til å krysse vegen på Nør Årset. No vart ho var fotografen Det røde og blå i bildet er ei brøytestikke som står ved vegen mellom hjorten og meg.

Den siste av 3 hjorter var litt lenger opp for vegen. Ikkje godt å sjå hjorten, dei er godt kamuflert.


Den første hjorten, ei kolle, har komme ned på vegen.

Her er alle 3 hjortane nede på vegen. Dei såg seg rundt både til høgre og venstre før dei kryssa.

Her hopper den eine hjorten over sklikanten på veg ned til beitemarka på Nør Årset.

Siste hjort hopper over sklikanten.

Dei 3 hjortane sprang ned på nederste marka på Nør Årset på grunn av fleire biler som passerte på vegen. Her er 2 av dei 3.

Poserer for fotografen, Nør Årset, 05.04.2024.

2 hjorter ved vegkanten på Reitan. Dette er vel ei kolle med fjorskalv.

Hjortekolle, Reitan, 05.04.2023.

Poserer for fotografen.

Så vart det litt for skummelt med ein bil på vegen. Klar til å stikke av.

Det vart for skummelt med ein bil på vegen like ved. Det var best å stikke til skogs. Reitan, 05.04.2023.

3 hjorter på marka, Ner Hegnes, 05.04.2024.

3 hjorter på marka, Ner Hegnes, 05.04.2024.


tirsdag 5. mars 2024

Dåp av M/F "Eresfjord" og M/F "Rødvenfjord" på Åndalsnes 05.03.2024, Del 2

Her er del 2 av innlegget frå dobbeltdåp av Fjord1's ferger M/F "Eresfjord" og M/F "Rødvenfjord" på Åndalsnes 05.03.2024. Dette innlegget viser bilder frå dåpen av begge fergene og nokre bilder frå besøk ombord på M/F "Rødvenfjord" etter dåpen. Begge disse fergene går i sambandet Sølsnes - Åfarnes.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak var gudmor til M/F "Eresfjord" og Rauma-ordfører Yvonne Wold var gudmor til M/F "Rødvenfjord.

Fjord1 inviterte alle fremmøte publikum og inviterte gjester ombord på M/F "Rødvenfjord" og serverte kaffe og marsipankake til alle. Etter bespisning kunne alle som ville ta seg ein runde ombord for å sjå på ferga blant anna i motorrommet og i styrhuset. Det vart ein hyggeleg dag i selskap med Fjord1 for alle fremmøtte. Det var anslått at ca 200 personer var tilstede under dåpen.

Nedenfor er ein del bilder tatt før dåpen, under dåpen og på besøket ombord på M/F "Rødvenfjord".

Plakat utdelt til publikum under dåpen 05.03.2024. Plakaten viser mine bilder av fergene's første anløp på Sølsnes. M/F "Eresfjord", 11.09.2020 og M/F "Rødvenfjord", 10.01.2022.



Nokre bilder tatt før dåpen som starta kl 14:00, 05.03.2024.



Administrerende direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 og ordfører Yvonne Wold i Rauma kommune.  Fotografen til høgre er journalist i RB Ottar Rydjord.

Adm.dir Dagfinn Neteland i Fjord1 og Rauma ordfører Yvonne Wold poserer med mannskapet til M/F "Eresfjord". 

Adm.dir Dagfinn Neteland i Fjord1 og Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak poserer i lag med mannskapet på M/F "Eresfjord". 

Adm.dir Dagfinn Neteland i Fjord1 og Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak poserer i lag med mannskapet på M/F "Eresfjord".

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak er gudmor for M/F "Eresfjord" som skal døpes først.

Adm.dir Dagfinn Neteland i Fjord1 ønsker velkommen til gjester og publikum før fergedåpen.  Publikum på kaia var på ca 200 personer.

Adm.dir Dagfinn Neteland i Fjord1 orienterer om fergene før fergedåpen

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak er gudmor for M/F "Eresfjord" som vart døpt først.   

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak er gudmor for M/F "Eresfjord" som vart døpt først.   

Ordfører Yvonne Wold i Rauma kommune holdt tale før dåpen. Dette er første gongen det er fergedåp på Åndalsnes, så det er ein historisk dag.

Ordfører Yvonne Wold i Rauma kommune holdt tale før dåpen.

Ordfører Yvonne Wold i Rauma kommune holdt tale før dåpen.

Dåp av M/F "Eresfjord".

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak er klar til å døpe M/F "Eresfjord".

Gudmor Toril Hovdenak er klar til å døpe M/F "Eresfjord". Champagneflaska knuste på første forsøk.

Gudmor Toril Hovdenak er ferdig med jobben. M/F "Eresfjord" er offisielt døpt.

Etter dåpen var det offisielt flaggskifte på M/F "Eresfjord". Flagget til byggeverftet Tersan Shipyard i Tyrkia gikk ned og Fjord1-flagget gikk opp.

Gudmor Toril Hovdenak ser på flaggskiftet.

Gudmor Toril Hovdenak har fått blomster som takk for jobben.      


Dåp av M/F "Rødvenfjord"


Så var det dåp av M/F "Rødvenfjord" på motsatt side av Tindekaia. Gudmor var Rauma ordfører Yvonne Wold. Dagfinn Neteland seier nokre velvalgte ord før dåpen.

 Gudmor Yvonne Wold klar til det første av 2 forsøk.

 Gudmor Yvonne Wold klar til dåp av M/F "Rødvenfjord".

Gudmor Yvonne Wold knuste champagneflaska på andre forsøk.

Gudmor Yvonne Wold med ordfører-kjede fekk blomster for jobben.     


Besøk ombord på M/F "Rødvenfjord"


Etter dåpen vart alle invitert ombord på M/F "Rødvenfjord" til kaffe og kaker. Gudmor Yvonne Wold følges ombord av ein av kapteinane.

Gudmødrene på veg ombord på M/F "Rødvenfjord". På grunn av høg flo vart ikkje landgangen heilt optimal.

Gudmor Toril Hovdenak på veg ombord på M/F "Rødvenfjord".

Inne i salongen til M/F "Rødvenfjord" vart det servert marsipankake og kaffe. Bildet på marsipankakene er mitt bilde av M/F "Rødvenfjord" tatt under ferga's første besøk på Sølsnes 10.01.2022.

Inne i salongen til M/F "Rødvenfjord" vart det servert marsipankake og kaffe. Bildet på marsipankakene er mitt bilde av M/F "Rødvenfjord" tatt under ferga's første besøk på Sølsnes 10.01.2022.

2 fornøyde publikummere har fått kaffe og kake.  Selfie.

Besøk oppe i styrhuset. Overstyrmann Thomas Talset bemanner skipsførerstolen til ære for fotografen. Thomas jobber på M/F "Eresfjord" men hadde frivakt denne dagen.

Besøk oppe i styrhuset. Overstyrmann Thomas Talset bemanner skipsførerstolen til ære for fotografen. Thomas jobber på M/F "Eresfjord" men hadde frivakt denne dagen.

Besøk oppe i styrhuset. Overstyrmann Thomas Talset i skipsførerstolen. Thomas jobber til vanlig som overstyrmann på M/F "Eresfjord" men hadde frivakt denne dagen.


Utsikt frå styrhuset på M/F "Rødvenfjord", Åndalsnes, 05.03.2024.

M/F "Rødvenfjord" ved Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024. Dåpen er over og publikum har gått heim.

Bakside av plakat utdelt til publikum under dåpen 05.03.2024. Informasjon om fergene.